07/09/2026
Webinarene våre har blitt en viktig møteplass for frivilligheten. Denne høsten skal vi derfor ha flere enn noen gang tidligere! 🚀
https://www.funkis.no/aktuelt/vi-lofter-webinarene-vare
24/08/2026
JA, VI VIL HA NYTT LIV I VOSS LOKALLAG!
Laget har lagt nede i fem år. No innkallar kontaktperson på Voss, Berit Mettenes (foto) saman med fylkesleiar til medlemsmøte for å blåse liv i lokallaget. Vi oppfordrar alle vossingar og dei som soknar til lokallaget om å møte opp. Sjå invitasjon nedanfor. Vi sjåast på Voss - Velferdssentralen, Sosialbygget måndag 14. september kl 18:00 🙂
MEDLEMSMØTE
Som medlem i Hørselsforbundet er du også medlem i lokallaget på Voss. Etter pandemien har laget dessverre ikkje kome seg på beina att. No meiner me at Hørselsforbundet Voss har lagt nede for lenge. Saman med fylkeslaget i Vestland ønskjer me difor å samle medlemmene for å blåse liv i lokallaget igjen.
Du som medlem veit best sjølv korleis det er å vere høyrselshemma i ulik grad. I eit lokallag kan du møte andre i same situasjon og bli ein del av eit fellesskap. Me kan møtast til sosiale tilstellingar, foredrag og andre opplevingar.
Eit lokallag har dessutan eit stort forbund i ryggen. Hørselsforbundet arbeider for betre tilrettelegging for personar med høyrselsutfordringar, mellom anna i arbeidslivet, på skulen og i samfunnet elles.
For å få lokallaget på Voss på beina att treng vi DEG – anten som medlem i styret eller som deltakar på dei ulike tilstellingane.
Me håpar at så mange som mogleg finn vegen til Velferdssentralen i Sosialbygget, 3. etasje, måndag 14. september kl. 18.00.
Representantar frå fylkeslaget i Vestland vil vere til stades og informere om arbeidet til Hørselsforbundet og om korleis det er å drive eit lokallag.
Det blir enkel servering med kaffi og te.
Vel møtt!
Vennleg helsing
Berit Mettenes, kontaktperson for Voss lokallag
Jan Erik Hagesæter, fylkesleiar
03/08/2026
EKSTRAORDINÆRE ÅRSMØTER I LOKALLAGA
Hørselsforbundet har som kjent kalla inn til ekstraordinært landsmøte 26. november. Landsmøtet vert avvikla digitalt. Det er berre ei sak på sakslista: val av ny forbundsleiar.
I god tid før landsmøtet, må lokallaga og fylkeslaga avvikle sine ekstraordinære årsmøte. På desse møta er det også berre ei sak som skal handsamast: Lokallaga skal velje delegatar til fylkesårsmøtet. Fylkeslaget skal velje delegatar til landsmøtet.
Her er nokre viktige datoar og tidsfristar som lokallagsleiar må merke seg:
Fylkeslaget Vestland sitt årsmøte vert lagt til 19. oktober. Møtet vert avvikla digitalt. Det vert sendt ut eiga innkalling til møtet.
Lokallaga må sende ut innkalling til sine ekstraordinære årsmøte 3 veker før møtet vert arrangert.
Lokallaga må melde inn delegatar til fylkesårsmøtet innan 25. september.
Tal på delegatar er fastsett i høve medlemstalet og nedfelt i vedtektene. Alle lokallaga våre har rett til å sende 3 delegatar, bortsett frå Bergen lokallag som har rett til å sende 5 delegatar.
Melding om valde delegatar sender ein til [email protected]
Som de forstår, er det ei kort innkalling som skal sendast ut til medlemmane i lokallaga, der det framgår tid og stad for årsmøtet og kva sak som vert handsama. Ein kan gjerne ta med bakgrunn for at det vert kalla inn til ekstraordinært årsmøte ved til dømes innleiingsvis å bruke dei fire første setningane i dette skrivet.
Sjølve avviklinga av dei ekstraordinære årsmøta vil vera fort gjort, då det berre er ei sak til handsaming, men det er viktig at innkalling og gjennomføring skjer i høve vedtektene. Vedtektene finn du på Hørselsforbundet si nettside/ Min Side/Dokumenter/Styrende dokumenter.
Referansar – Vedtekter 2025 – 2028:
§21.3 Ekstraordinært årsmøte skal holdes dersom styret og/eller minst halvparten av medlemmene krever det. Møtet kan kun behandle de sakene det er innkalt for. Innkallingsfristen er 3 uker
§ 20.2 ….Fylkesårsmøtet består av fylkesstyret og delegater valgt av lokallagene og foreldrelagene. Hvert lag velger sine delegater til fylkeslagets årsmøte basert på lagets medlemstall ved årsskiftet, etter følgende fordelingsnøkkel: 0 - 500 medlemmer: 3 delegater 501 - 1000 medlemmer: 4 delegater 1001 – 2000 medlemmer: 5 delegater osv. Der Ung Hørsel har lokallag kan de møte med en delegat hver. Hver representant har 1 stemme.
Lykke til!
Mvh
Jan Erik Hagesæter
fylkesleiar
28/07/2026
For en sommer!
Selv i ferien har nye medlemmer fortsatt å strømme til Hørselsforbundet, og hver dag blir vi enda flere.
Nå er vi passert 71 000!
Sammen blir vi hørt 🧡
08/07/2026
"Det er vondt å merke at en naturlig plass i fellesskapet gradvis blir erstattet av en uønsket plass i utenforskapet" ...Ja, mange vil kjenne seg igjen i dette utsagnet. Kanskje vi bør snakke meir om dei sekundære følgene av hørselstap?
Når stillheten blir helsefarlig - Din Hørsel
Det begynner i det stille. Når hørselen blir svekket, kan ensomheten komme snikende og ta dens plass.
26/06/2026
SOMMARHELSING - Kjære lokallagsleiar, tillitsvald, likeperson!
HVERT ØRE TELLER – AKSJONEN
Mange lokallag er godt i gang med årets aksjon. Vi er stolte av dykk. Så bra! På kjøpesenter, torg, festivalar, på gater og streder og gjennom lesarinnlegg i lokalavisa har de synleg-gjort høyrselssaka. De har fronta årets bodskap: Vi høyrer saman. Du høyrer til! De har tilbydd gratis høyrselstesting og de har verva nye medlemmer. Godt jobba og lykke til med vidare aksjonering utover hausten.
ORGANISASJONSKURS 26. SEPTEMBER
Vi minner om organisasjonskurset vårt laurdag 26. september i Bergen på Scandic Ørnen. Det vert i desse dagar sendt ut invitasjon og program via Facebook og i e-post til lokallagsleiarane.
Tema i år er Universell utforming – med vekt på høyrselstekniske løysingar og tilrettelegging i kommunale-/ offentlege bygg. Vi har gjort avtale med politisk rådgivar i Hørselsforbundet Øydis Lebiko, audiopedagog Alexander Jenssen Rykkel og leiar Cecilie Nøstvold ved Syns- og audiopedagogiske tenester og seniorrådgivar Nader Zarghami frå NAV Hjelpemiddelsentralen, som alle vil halde innlegg. Viktig tema dette og noko som lokallaga sjølv har etterlyst. Det som vert teke opp på kurset, vil danne grunnlag for vidare oppfølging lokalt og for samarbeid og samhandling mellom fylkesstyret og lokallaga omkring universell utforming.
Målgruppa for organisasjonskurset er tillitsvalde i lokallaga – fortrinnsvis lokallagsleiar og styremedlem, samt studieutvalet og medlemmer av fylkesstyret. Det vert sett av plass til to deltakarar frå kvart lokallag.
To kurs tett i tett
Tidspunkt for organisasjonskurset vart bestemt og lagt inne i møte- og aktivitetsplanen for snart eit år sidan. Utover våren har studieutvalet arbeidd med å få på plass motivasjonskurs for likepersonar, fordelt på eitt kurs i nord-fylket og eitt kurs i sør-fylket. Tidspunkt måtte passe for ekstern forelesar og no har ein – for kurset i sør-fylket - landa på laurdag 19. september, helga før organisasjonskurset.
Det er uheldig at desse to kursa kjem så tett på kvarandre og ein kan forstå det dersom lokale tillitsvalde problematiserer det. For framtida bør vi unngå at to kurs med tildels same målgruppe kjem så tett på kvarandre. Men det er ymse årsaker til at det vert slik denne gongen og det er ikkje aktuelt å endre på tidspunkta for kursa no.
Målgruppa for organisasjonskurset er som nemnd tillitsvalde i lokallaga – fortrinnsvis lokallagsleiar og styremedlem, samt studieutvalet og medlemmer av fylkesstyret. Målgruppa for likepersonsamlinga den 19. september er registrerte likepersonar i sør-fylket. Då fleire likepersonar også er tillitsvalde i lokallaga, kan det bli ei viss overlapping her i høve deltaking på desse to kursa som er lagt til to påfølgjande laurdagar.
Vi vil oppfordre til at ein lokalt finn gode løysingar, slik at det vert fulltalig representasjon på både organisasjonskurset og likepersonskurset. Dersom den/dei mest sentrale i lokallaget ikkje kan møte på organisasjonskurset, bør ein stille med to andre frå lokallaget. Det er viktig at alle lokallaga er representerte på organisasjonskursa våre.
EKSTRAORDINÆRT LANDSMØTE – EKSTRAORDINÆRE ÅRSMØTER
Det er som kjent sendt ut innkalling til ekstraordinært landsmøte 26. november med ei sak på agendaen: val av ny forbundsleiar. Landsmøtet vert avvikla digitalt. Vi viser til e-post frå Hørselsforbundet datert 12.06.
I forkant av det ekstraordinære landsmøtet, må lokallaga og fylkeslaget avvikle sine årsmøter.
På lokallaget sitt årsmøte skal det veljast årsmøteutsendingar til fylkeslagets årsmøte; inntil 3, og også framlegg på kandidatar som landsmøteutsendingar; 1 person, gjerne også ein vara. Vi legg til grunn at lokallaga også kan fremje vara årsmøteutsendingar. Det er berre desse to sakene som skal handsamast på lokallaget sitt årsmøte.
Lokallaga kan innkalle til eit eige årsmøte, eller legge sjølve årsmøtet som tillegg til eit ordinært medlemsmøte eller anna samling for medlemmer. Det viktige er å sjå til at dei formelle sidene rundt avvikling er på plass. Vi ber difor om at lokallaga set seg godt inn i vedtektene som omhandlar årsmøte lokalt og regionalt; §§ 20 og 21.
Ekstraordinært årsmøte i fylkeslaget vert avvikla digitalt 19. okober. Lokallaga må melde inn sine delegatar og framlegg til fylkesstyret seinast 25. september.
Vi har berre ei sak til dette årsmøtet: val av utsendingar til ekstraordinært landsmøte. Det er lokallaga som skal fremje utsendingar, og sende dei inn til fylkesstyret. Fylkesstyret set opp framlegg til utsendingar, og årsmøtet vel desse. For Vestland sin del vil det seie 10 utsendingar. 7 av desse kan veljast på fritt grunnlag. Vedtektene fastset at leiar i fylkesstyret, samt lag med over 1000 medlemmer har rett på minst ein utsending pr 1000. Bergen har over 2000 medlemmer, og har såleis rett til 2 utsendingar.
TAKK FOR INNSATSEN OG GOD SOMMAR
På vegne av fylkesstyret vil eg takke for stort engasjement og for det viktige frivilligheitsarbeidet som vert utført i lokallaga, for samarbeid og samhandling.
Vi ser fram til treffpunkta våre utover hausten. Enn så lenge, nyt sommaren 🙂
Med helsing Jan Erik Hagesæter, fylkesleiar
11/06/2026
8. juni var det kurs om CRPD (Convention on the Rights of Persons with Disabilities) i Bergen.
CRPD vart i desember 2026 ein del av norsk lov etter at den vart innlemma i menneskerettslova. Ved motstrid skal konvensjonen gå foran annan norsk lovgivning.
Arrangør var kommunalt råd for personer med funksjonsnedsettelse. Stad: Alrek Helseklynge på Årstad.
Hovedinnleiar var Tove Linnea Brandvik (foto) Fleire frå Hørselsforbudet deltok. Nyttig, informativt og inspirerande dette🙂 Her har vi mykje å jobbe med framover som brukar-/interesseorganisasjon. Ingenting kjem av seg sjølv. Men som Tove Linnea Brandvik understreka i sitt foredrag: Vi har gjennom CRPD fått eit betre verktøy i arbeidet vårt for tilrettelegging og likestilling (sjå foto nr 2).
29/05/2026
ÅRETS HVERT ØRE TELLER KAMPANJE ER I GANG!
VI HØYRER SAMAN - DU HØYRER TIL.
Lykke til, eldsjeler i lokallaga som frontar kampanjen med stand, høyrselstesting, informasjon og folkeopplysning. Medlemsverving står også sentralt - då er det berre å håpe at stadig fleire finn vegen inn til rett forbund 🙂
Er du medlem av "Ler når de andre ler-forbundet"? | Hørselsforbundet
Hørsel handler om å høre til 🧡 Når hørselen svekkes, er det lett å havne utenfor og kanskje ufrivillig melde seg inn i «Ler når de andre ler-forbundet».I Hø...